Ei verksemd med lange tradisjonar

Ved fjorden like aust for Larsnes kjem ei rik kalkåre opp i dagen. Breivik Kalkverk har hatt kontinuerleg drift i dette dagbrotet sidan 1885. Biletet til høgre er tatt kring hundreårsskiftet, og viser litt av miljøet ved kalkverket dei første åra. I dag er området ved sjøen godt utbygt med gode kai- og hamnetilhøve.

Kalkåra er av grunnfjellskalkstein, danna for over 1,5 milliardar år sidan. Den har grovkrystallinsk struktur, noko som gjer kalksteinen godt eigna for knusing og maling til mjøl, korning og singel. Mjølet får ein lett handterleg struktur, medan korning og singel vert rein og hard.

Kvaliteten på kalksteinen er høg. Kalkåra inneheld svært reint kalkfjell, med 98-99 % kalsiumkarbonat (CaCo3). Dette gir grunnlag for leveringar til landbruk, industri, miljøverntiltak og anna som har nytte av høge kalsiumverdiar.

Verksemda har vore i Dyrhol familien sitt eige sidan 1927 og leverer i dag kalk til jordbruk og er ein av dei leiande leverandørar av kalk til dyrefor. Verksemda har i tillegg ei moderne produksjonsline for sementprodukt til bygg- og anleggsmarknaden.